Historia vår

Eigarskap

I desember 1997 kjøpte Sigmund Seilen og Per Alv Eikeset seg inn i Drevdal Mur og Betong AS, som var eigd av Toralf Drevdal. Samstundes vart firmanamnet endra til Drevdal Bygg AS. Sigmund vart dagleg leiar og Per Alv styreformann i det nye selskapet. Grunnleggaren av selskapet, Toralf Drevdal selde sin 3. del i selskapet til Sigmund og Per Alv i mai 2002 og takka for seg. I 2010 vart firmanamnet endra til Sogn Entreprenør AS. Sommaren 2015 pensjonerte Sigmund seg og selde sin part i firmaet til Kleiven Sogn AS. Slik at eigarskapen i dag er 50% på Kleiven Sogn AS og 50% på PAE Holding AS. Rolf Ole Kleiven vart samstundes dagleg leiar i selskapet og Per Alv held fram som styreleiar.

Bygg og anlegg

sogn-entreprenor-historieDet har blitt mange forskjellige bygg- og anleggsoppdrag opp gjennom åra. Vi fekk ein flying start med utvidinga av Lerum sin fabrikk på Kaupanger i 1998. Vi har bygd boligblokkene på Ulvahaugen og Lustrabadet i Gaupne. Første oppdraget vi fekk var ei lita utviding av Statnett sin trafostasjon i Fardal. Sidan har vi hatt mange store og små oppdrag for dei. For statens vegvesen har vi hatt Selseng bru og rasoverbygg i Algøya i Balestrand. Vi har hatt og har mange oppdrag innan vasskraftutbygging. Siste åra har vi vore med på Vanndøla- og Kvåle kraftverk for Småkraft, Kvemma kraftverk for Grøn kraft, Nivla kraftverk for Østfold energi og Røneid kraftverk for Tinfos AS. Arbeidsområdet vårt er indre Sogn. Vi har hatt oppdrag i Luster, Sogndal, Leikanger, Årdal, Lærdal, Vik og Balestrand kommunar. Pluss at vi har hatt eit gjesteoppdrag for Statnett i Vågå.

Tilsette

Vi har vore heldige og hatt ein fast stamme med tilsette frå vi starta og fram til dags dato. Arbeidsstokken har variert frå vi starta med 5 tilsette til vi no er 14. På det meste har vi vore 22 mann. Arbeidsoppgåvene er mange, men hovudvekta består i betongarbeid. 4 mann har fagbrev og er godkjent for høgste kompetanseklasse for utførelse av betongkonstruksjonar.

Kontor og lager

sogn-entreprenor-historie2Vi starta i 1998 med ei tomt og eit lagerbygg på Røneidsgrandane. I slutten av 2000 kjøpte vi helikopterbasen til Lufttransport på Gaupnegrandane. Der var det berre å flytte rett inn i fine kontor og ein hangar som passa glimrande til lager. I tillegg fekk vi 2 mål asfaltert uteområde.